Vindtunnellen på Tvildemoen vart åstad for ein heilt unik kombinasjon av akrobatisk luftsport og smakfullt trommespel på laurdag. Gard Nilssen er ein av dei beste og mestspelande trommisane på den norske jazzscena. Her fekk publikum sjå han utfalde seg heilt fritt – dei einaste bandmedlemma var fykarane Martin Kristiansen og Rune Aspvik som flaug i tunnellen. «Flaug» er ei underdriving: Dei byksa, spratt, fauk, glei, svevde, flaksa, rulla og spann om kvarandre i ein heidundrande akrobatisk «parringsleik» som saman med den fantastiske tromminga skapte ein underhaldande og dynamisk audiovisuell oppleving for store og små jazzarar.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.