4 kjappe: Billettsjefen

Ingrid Nestås Mathisen

Kva er ditt fyrste minne frå festivalen?
Mitt fyrste minne frå Vossa Jazz er at eg jobba i garderoben på Park. Me var ein vennegjeng som åt smågodt og hadde det skøy, interessa for jazz kom fyrst seinare…

Kva er din rolle i Vossa Jazz?
Eg er sjef på billettkontoret, her sel me *trommevirvel* BILLETTAR! Men ikkje nok med det, her sel me også framifrå flotte t-skjorter og andre Vossa Jazz-effektar.

Kva gler du deg mest til i år?
Det vert ein skikkeleg travel laurdag føre- og ettermiddag i år. Fyrst vil eg skrangla i Badnajazzparaden med guten min på 10 månader. Så vil eg i Osasalen å få med meg Soga om Seselja med Ruth Lillegraven, Ranveig Djønne og Tuva Syvertsen som eg trur vert knallfint. Og så må eg ein tur i Gamlekinoen å høyra på Gabriel Fliflets nyskrive verk Rose.

Fire kjappe om Vossa Jazz!
1) Verdas 2) aller 3) finaste 4) festival

Ingrid Neståas Mathisen

Del gjerne!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.