Vossakveik er seminaret som skal inspirera og engasjera, me vil fyra opp til god kveik!
Me inviterer til ei forrykande samkoma med innblikk i kva endringar som skjer i samfunnet. Den digitale revolusjonen er over oss, og korleis skal du få inspirasjon til å takla endringane…? Det vert humor, musikk og engasjerte innlegg:
Eirik Norman Hansen Eirik Norman Hansen er ein ekte teknologioptimist, er du redd for at robotane skal ta over jobben din er det verdt å lytta til denne mannen. Norman Hansen skal snakka om kva teknologi betyr for oss menneske og samfunnet og korleis dette formar verda no – og i tida som kjem. Litt skremt og spent på alt som skjer på den teknologiske fronten; nytt høve til å høyra Erik Norman Hansen!
Kathrine Aspaas Kathrine Aspaas er kjent frå sine mange år som kommentator og skribent i Aftenposten, ho har også skrive bestseljaren Raushetens tid der ho hevdar at me går mot ein meir open, raus tidsalder; den emosjonelle revolusjonen. Kva skjer med mennesket i ei digital verd og korleis ser jobbane våre ut framover? Aspaas hevdar sjølvinnsikt og emosjonell intelligens veks fram som dei store suksesskriteria i arbeidslivet. Korleis dette skal gå for seg skal ho formidla med humor og kunnskap!
Vigdis Jordal
Vigdis Jordal er ein engasjert, kraftfull og profesjonell formidlar som med humor, poesi og menneskeleg varme inspirerer til arbeidsglede og endringsvilje. Under Vossakveik skal ho ta oss med på ei undringsreise i den digitale revolusjonen og det menneskelege engasjementet. Teknologien i rakettfart og evolusjonen i skjelpaddefart
Eksklusive smakebitar frå årets Tingingsverk Møt årets komponist, Ingebrigt Haker Flaten. Laurdag 4.april skal han levera det 39. verket i den stolte Vossa Jazz-soga. Han har med seg ein internasjonal oktett sett saman for anledninga og DU kan vera den fyrste som får høyra smakebitar frå verket hans: EXIT KNARR
Prisen inkluderer ei eining drikke og Vossa Jazz-pølse.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookies
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.