Vildebjønns Selskap

Vildebjønns Selskap er ein visetrio som spelar sjølvlaga musikk på norsk. Trioen følgjer i spora etter visetradisjonen frå 70-talet, men med eit talenært språk og element av jazz i form av skeive og vekslande taktartar og overraskande akkordskjema.

Sidan starten i januar 2024, har dei spelt jamlege konsertar i tillegg til å ha spelt på festivalar som Kongsberg Jazzfestival, Serendip og Ljøsblått.

Trioen Ingrid, Erling og Åsmund utgjer ein stor del av Hersleb Visekollektiv som arrangerer månadlege, stappfulle visekveldar med mål om å gjere den veksande visescena tilgjengeleg for alle som vil høyre. På konserten her på Vossa Jazz har dei også med seg bassist Colin.

Ingeborg Fjørtoft – vokal
Erling Wold – gitar, bouzouki, vokal
Åsmund Erichsen – gitar, mandolin, vokal
Colin Lilius Karlsen – kontrabass

Foto: Antonios Dimitracopoulos

Denne konserten får du med deg dersom du har enkeltbillett, festivalpass eller dagspass laurdag. Om du har pass, vurder å sikre deg med plassbillett (25 kr).