

Ingunn van Etten har laga årets festivalplakat der ho tek oss med inn i eit kunstnarleg univers som resonnerer djupt med jazzens sjel – det søkjande, det fabulerande og det djupt menneskelege.
Ho vert skildra som ein kommunikativ kunstnar som brukar symbol, surrealistiske og abstraherande element for å formidla stemningar og sanningar som ligg utanfor språket. Verka hennar har ofte eit naivistisk islett og ein varme som ressonnerar til folk i alle aldrar.
Då Ingunn van Etten og festivalleiar Frøydis Århus i haust snakka saman om kunstnarskapet knytt til Vossa Jazz, beit Etten seg merke i at fargen blå ville prege festivalen i 2026. I tillegg fekk ho vite at saksofonisten Nicole Joahenntgen, i tillegg til å spele konsert med trioen sin, var tenkt til å bidra i soloformat på utstillingsopninga.
Du kan sjå Ingunn van Etten sin kunst på Kulturhuset heile palmehelga, frå og med utstillingsopninga kl 15:00. Opninga og utstillinga er gratis.
FESTIVALKUNSTNAR Ingunn van Etten
KONSERT Nicole Joahenntgen Trio, laurdag 28. mars
