Lastar Hendingar
Torun Eriksen

Torun Eriksen

  • Dette arrangementet er ferdig.
laurdag 8. april

Kl 22:30

Torun Eriksen er Noreg sitt svar på Joni Mitchell. Ho har ei av desse spesielle stemmene som ein aldri vert lei av å høyre på – den perfekte blandinga av distinkt særpreg, strålande teknikk og uanstrengt musikkglede.

Hausten 2016 gav ho ut sitt femte soloalbum på Jazzland Recordings, «Grand White Silk», saman med sin musikalske makkar, bassist Kjetil Dalland (Mari Boine, Vamp, Anneli Drecker). Albumet femner  om kontrastar: Lys og mørke, liv og død, og det vesle mot det store vert utforska gjennom element av gospel, jazz, pop og vise. For fyrste gong har Eriksen òg inkorporert elektroniske element i sitt organiske og djupt personlege lydbilete. «Dette er ei melding om at Torun Eriksen framleis er favorittstemma mi, i feltet jazz og soul. Så nær og medlevande, uredd for å vise kjensler, med ei stemme som er unik», skreiv Roald Helgheim i Dagsavisen.

Torun Eriksen – vokal
Kjetil Dalland – el-bass, vokal
Jørn Øien – tangentar, vokal
Andreas Bye – trommer, vokal

www.toruneriksen.no

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

English:
Torun Eriksen might well be compared to Joni Mitchell. She has one of these rare voices one never tire of hearing – a perfect blend of distinct individuality, great technique and effortless joy. She released her fifth solo album in 2016, called «Grand White Silk», on Bugge Wesseltoft’s Jazzland Recordings. The album explores light and darkness and life and death against a backdrop of gospel, jazz and pop music.