Det har vore nokon merkelege år i kulturbransjen, og verda generelt. Tønes har nytta pandemitida på teaterstykke, utselde joleframsyningar og plateinnspeling, med konsertar i 16 av landets kulturhus i ei smittevernfokusert intimsetting, der ukulele vart ein svært sentral del av settet.
No som restriksjonane har vorte lausare er det stas å kunna invitera til fullskala Tønes-konsert igjen, med ny plate i bagasjen, betre backing til ukulelespelet og framleis med gensaren bak fram!
Tønes heiter eigentleg Frank Tønnesen og kjem frå den vesle staden Sokndal i Rogaland. Han er ein av landets beste låtskrivarar og tekstforfattarar og ein skikkeleg virtuos når det kjem til underfundige betraktningar rundt små og store kvardagsfenomen me alle kan kjenna oss att i.
Sisteplata Thilda Bøes Legat kom ut hausten 2021 til strålande mottaking:
«Tønes synger om de små ting på stort vis.»
Dagbladet, terningkast 6
«Musikalsk er dette Tønes på sitt beste, og resten står i stil.»
Stavanger Aftenblad, terningkast 6
«Tønes en mester til å skape disse små, sinte og lett gjenkjennelige stilbildene fra en bygd nær oss alle.»
Aftenposten, terningkast 5.
Frank Tønnesen – gitar, vokal
Erlend Aasland – gitar, mandolin, vokal
Arne Andersen – trommer, perkusjon
Gaute Tengesdal – kontrabass
Tønes er nominert til Spellemann for Thilda Bøes Legat!
English
Tønes is one of Norway’s most prolific singer-songwriters, known and beloved for his eccentric, humorous and perceptive lyrics about the absurdity of daily life. After reduced touring schedules due to Covid he is finally back with a full band and a great new album!