Lastar Hendingar

TOIVO

  • Dette arrangementet er ferdig.
laurdag 4. april

Kl 12:00

Med utspring frå Griegakademiet i Bergen, kjem TOIVO med musikk inspirert frå amerikansk sekstitalsjazz – tenk Don Cherry og Charles Mingus – i moderne norsk drakt. TOIVO oppstod i 2017, og er prosjektet til bassist og komponist Arne Toivo Fjose Sandberg, som òg speler med band som Havene, Modi og Evigheten. Låtmaterialet er basert på komponisten sin oppvekst og bakgrunn, godt hjulpen av eit ekstremt tett samspel mellom bass og trommeslagar Steinkopf, og intenst leikne solistar. Dette er ungdommeleg og entusiastisk jazz – sjå opp for platedebuten i 2020!

Arne Toivo Fjose Sandberg – kontrabass
Mathias Marstrander – gitar
Aksel Røed – saksofon
Andreas Hatzikiriakidis – trompet
Sigurd Steinkopf – trommer

English:
TOIVO presents playful, dynamic jazz music inspired by the likes of Don Cherry and Charles Mingus, but with a powerful nordic twist! Bass player, composer and primus motor Arne Toivo Fjose Sandberg, known from groups such as Havene, Modi and Evigheten, bases the lyrics and themes from his childhood and background and the musical symbiosis between the talented, young musicians in the band.