Lastar Hendingar
Foto: Paal Ritter

TINGINGSVERKET Lars Horntveth: Lambda

laurdag 28. mars

Kl 18:00

Tingingsverket av Lars Horntveth ber tittelen Lambda.

Lars Horntveth har sett spor. Sjangerhopparen har i over 30 år bevegd seg i skjeringspunkta mellom ulike uttrykk og format – frå samtidskomposisjon til pop, frå impro til filmmusikk. Undervegs er det blitt tre Spellemenn, deltaking på over 250 plater, og turnear med mellom anna Motorpsycho, Aha,Todd Terje, Susanne Sundfør og Thomas Dybdahl.

Som komponist har han gått frå noteblokk i Jaga Jazzist til partitur hjå KORK og Bit20, og har i tillegg laga musikken til Ølhunden Berit på NRK.

Med ei gruppe handplukka musikarar – somme han har spelt med, somme han lenge har hatt lyst å spela med – kjem Lars Horntveth med eit lydlandskap som kombinerer komponert materiale med improvisasjon, der ensemblet får både forma og utfordra musikken. Felles for deltakarane er openheit for å eksperimentera og bryta sjangergrenser i eit fellesskap der dei alle bidreg med eit unikt særpreg. Musikken vil spegla spennvidda til Horntveth sjølv; latinamerikansk tropicalia, organisk elektronika, nedstrippa ambient, psykedelisk rock, og sjølvsagt jazz. Velkomen til ei konsertoppleving som vil glede både hjarte og hjerne.

Lars Horntveth – treblås, pedal steel, gitar, keys, komponist
Sissel Vera Pettersen – vokal, saksofon
Elias Tafjord – trommer
Torben Snekkestad – saksofon, trompet
Henriette Eilertsen – fløyte
Martin Morland – bass
Sander Eriksen Nordahl – gitar
Tuva Halse – fiolin, vokal
Joel Ring – cello, bass
Vegard Lien Bjerkan – tangentar

Foto: Paal Ritter

Denne konserten får du med deg dersom du har enkeltbillett til konserten, festivalpass eller dagspass laurdag. Om du har pass, anbefaler me å sikre deg med plassbillett (25 kr).

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.