

The Red Barn er ein kvartett som tvinnar trådar mellom jazz, folkemusikk og americana. Bandet er samansett av nokre av dei travlaste og mest kreative musikarane på Vestlandet, no sameint under same låvetak. Prosjektet starta med ein felles kjærleik for skjeringspunktet mellom jazz og americana, og har syda og kokt ei god stund. Med lyttevenlege komposisjonar som grunnlag fann musikarane saman og danna eit musikalsk uttrykk som ber preg av leiken sjangerblanding.
Bandet består av musikarane Kåre Opheim, Toivo Fjose, Mathias Marstrander og Aksel Røed. Medlemene av The Red Barn spelar også med artistar og band som Sigrid Moldestad, The Real Ones, Vill Vill Vest-favorittane Treverket, GPO, Spidergawd, Havene, Espen Horne & Athletic Unit, Toivo Quintet, Terje Isungset og mange, mange fleire.
Toivo Fjose – kontrabass
Kåre Opheim – trommer
Mathias Marstrander – gitarar, pedal steel gitar
Aksel Røed – saksofonar, klarinett
Foto: Per Finne
Denne konserten får du med deg dersom du har festivalpass, dagspass fredag eller huskort fredag.