Lastar Hendingar
Håkon Kornstad

Tenor Battle

  • Dette arrangementet er ferdig.
sundag 20. mars

Kl 17:00

Håkon Kornstad var ein veletablert jazzsaksofonist då han i 2009 plutseleg oppdaga ein ny lidenskap og eit skjult talent. Plutseleg var det operasong alt handla om, draumen om å syngje klassiske operaroller fylte han til randen. I dag har Kornstad ein mastergrad frå det Norske Operaakademiet, og draumen om operarollene har skjedd fyllest. Men på vegen har noko heilt nytt oppstått. Håkon Kornstad sine to talent har smelta saman: Han har teke det framifrå saksofonspelet sitt med inn i operaverda, og den vakre tenorrøsta inn i jazzen.

Saman med ei gruppe framifrå musikarar med bakgrunn frå jazz, klassisk og folkemusikk har Kornstad teke arier av mellom andre Gluck, Strauss og Bizet og improvisert dei om til noko heilt eineståande – ei dynamisk levande og stilsikker jazza nytolkning av operamusikken.

Om Albumet Tenor Battle frå 2015 skriv Svein Andersen i Aftenposten: «Hans prosjekt er en musikalsk berikelse for så vel dem som svermer for det klassiske som dem som liker når musikere strekker seg mot det ukjente. Det er noe magisk, nærmest tidløst og samtidig nyskapende og utfordrende i måten de turnerer disse sangene på.»

Håkon Kornstad — tenor, saksofonar, fløyte
Sigbjørn Apeland — harmonium
Lars Henrik Johansen — cembalo, cimbalon
Per Zanussi — bass
Øyvind Skarbø — trommer

English
Håkon Kornstad was a succesful jazz saxophone-player when he discovered a new passion in 2009. Suddenly opera singing became an obsession for him. Today he has a masters degree from the Norwegan Opera Academy, and his dream of singing classical opera roles in big production has come true. But along the way his love and talent for both singing and saxophone, opera and jazz, blended: The result is a powerful, dynamic and tasteful jazzy new take on traditional opera arias

http://www.kornstad.com/