Synnøve Brøndbo Plassen

Synnøve Brøndbo Plassen frå Folldal har på kort tid blitt ein av dei mest ettertrakta unge folkemusikarane og folkesongarane i Noreg.

Ho har blitt nominert til Spellemannprisen to gonger for soloalbuma sine, og ho mottok også Folkelarmprisen for beste soloalbum i 2022. Dei siste åra har Synnøve gjort ei rekke turnéar både i Noreg og i utlandet. Ho er for tida aktuell som solist med orkester, kor og ensemble, og ho er medlem av den eksperimentelle vokaltrioen HEKATE som vitja Osafestivalen seinast i 2025. Som folkesongar har ho jobba mest med tradisjonsmusikk fra Folldal, Østerdalen og Trøndelag.

I 2024 fekk Synnøve Brøndbo Plassen kongepokal i folkesang under Landskappleiken i Gol.

Under Vossa Jazz 2026 held ho den tradisjonsrike konserten i Voss Sparebank. Her vil me koma tett på vokalen og strengeinstrumenta i eit akustisk lydbilete, i det vakre, opne rommet.

Synnøve Brøndbo Plassen – folkesong, gitar, lyre

Foto i tekst: Agnete Brun. Foto, over: Gullfaxi

Denne konserten er gratis.