Lastar Hendingar
Susanne Sundfør

Susanne Sundfør

  • Denne hending er over.
fredag 18. mars

Kl 22:00

Susanne Sundfør har ein unik plass på den norske musikkscena. På den eine sida lagar ho kompromisslause album som dreg element av klassisk musikk, jazz, elektronika og kunstmusikk inn i ei verd av mørk, eksperimentell pop. Med dette skulle ein kanskje tru at Sundfør har ei smal lyttargruppe, men slik er det slettes ikkje: Alle elskar Susanne Sundfør.

Det siste året har ho for tredje gong laga ei plate som fauk til topps på VG-lista, samstundes som 5‘arar og 6‘arar haglar frå alle hald (The Guardian, Mojo, Dagbladet og VG for å nemne nokre). Under dei spektakulære konsertane hennar på årets Bergenfest og Øyafestivalen gav ho publikum gåsehud, bakoversveis og dansefot på same tid – Susanne Sundfør har aldri vore betre live. No skal ho på vårturné, og heldigvis legg ho turen innom Vossa Jazz. Ikkje gå glipp av Sundfør og det fantastiske bandet hennar!

Susanne Sundfør – vokal, synth, perkusjon
Megan Kovacs – vokal, synth, gitar
Gunhild Kristoffersen – vokal, synt, gitar, perkusjon
Gard Nilssen – trommer, perkusjon
Nikolai Hengsle Eilertsen – bass

Billettar = Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa enkeltbillett til berre denne konserten.

English
With her dark, experimental pop music, infused with classical, jazz and electronica one would think that Susanne Sundfør makes music for a small niche market. One couldn’t be more wrong. In 2015 she had an album reach no. 1 on the Norwegian sales list for the third time. She recieved superb reviews from just about everybody, including The Guardian and Mojo. Her spectacular concerts under this year’s Bergenfest and Øyafestivalen really captured the festival crowd, Sundfør has never been a better live artist. Don’t miss her concert at Vossa Jazz!

http://susannesundfor.com/