Lastar Hendingar
Foto: Ida Malmedal Hauge

SuperCharger Duo

fredag 27. mars

Kl 20:30

SuperCharger Duo byr på ekte speleglede og musikk med solide røter i New Orleans!
Kva skjer når ein godt vaksen trommis finn kjemien med eit ungt stortalent og fyrer av ein energigjevande og hardtsvingande miks av New Orleans-inspirert boogie woogie, jazz, ragtime og blues? Jau, det sler gneistar – det tek nesten fyr!

SuperCharger Duo spelar dansbar og publikumsvenleg New Orleans-inspirert musikk med stortalentet Eirik Tveten, piano (26 år) frå Tønsberg, og ringreven Ernst Wiggo Sandbakk (68), trommer.

Ernst Wiggo Sandbakk, den godt vaksne trommeslagaren, kjem opphavleg frå Kjeldebotn og har prega musikklivet i Trondheim i snart 47 år, mellom anna som studiomusikar (for DumDum Boys, Hans Rotmo, Henning Sommerro og fleire jazzutgjevingar), lærar på NTNU Jazzlinja (der duoen møttest) og som sjef for Trondheim Jazzfestival.

Under Vossa Jazz skal dei få utfalde seg i pianobaren på Park etter opningskonserten.
ta med dansesko og kom!

Ernst Wiggo Sandbakk – trommer
Eirik Tveten – piano

Foto: Ida Malmedal Hauge

Denne konserten får du med deg dersom du har  festivalpass, dagspass fredag eller huskort fredag.

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.