Qvenild og Nilssen er såleis Vossa Jazz-gjengangarar kvar for seg med band som In The Country, Shining, Jaga Jazzist og Susanna & the Magical Orchestra (Qvenild) og Bushman`s Revenge, Puma og Trondheim Jazzorkester (Nilssen). Og det var med Mathias Eick, tingingsverkkomponisten frå 2011, dei fann tonen saman. Og denne tonen har gjort sitt til at sPacemoNkey har hausta strålande kritikkar i både inn- og utland med platedebuten The Karman Line frå 2014 og ikkje minst live.
Musikken er improvisert, dynamisk, klangleg, energisk, distinkt, blanda med ein ”gje-blaffen-i-sjanger”-haldning. Stikkorda er tøff og skjør i skjønn foreining. Få med deg fenomenet sPacemoNkey, må det vera lov å sei!
Morten Qvenild – hyperpiano, elektronika og programmering
Gard Nilssen – trommer, klokker, bjøller, vibrafon, elektronika
http://hubromusic.com/spacemonkey-the-karman-line/
ENGLISH
sPacemoNkey`s Morten Qvenild and Gard Nilssen first played together at Mathias Eick`s commissioned work for Vossa Jazz in 2011. In the aftermath this lead to raving reviews for their album debut The Karman Line and for their live performances. The music is improvised, dynamic, energetic, distinct yet at the same time delivered with a devil-may-care attitude. Rough and sweet are cues to the phenomenon sPacemoNkey!