Noregs jazzdronning Solveig Slettahjell kjem til Vossa Jazz! Dei som hugser den nydelege konserten ho heldt i Vangskyrkja i 2014, eller den framifrå konserten med In The Country og Knut Reiersrud i 2017, veit at dette ikkje er noko ein vil gå glipp av!
Solveig har gått svanger med idéen og ynskjet om eit nytt jazzband lenge, og no har ho endeleg samla sitt draumelag: Andreas Ulvo på piano (Eple trio, diverse soloprosjekt og Mathias Eick band mm.), Trygve Waldemar Fiske på bass (Hanna Paulsberg Concept og sitt eige band Waldemar), Pål Hausken på trommer (In the Country, Trail of Souls og duosamarbeid med Solveig) og Solveig sjølv på vokal og piano. Resultatet kan ein høyre på plata Come In From The Rain (2020), og sjølvsagt under årets Vossa Jazz.
Bandet arbeider med songar frå jazztradisjonen og nokre kuriositetar frå omkringliggande sjangrar, i tillegg til nokre låtar skrive av Solveig. Uttrykket er prega av dei individuelle trekka til dei fantastiske musikarane som er med, blanda saman med smakfulle referansar til jazztradisjonen.
Solveig Slettahjell – vokal, piano
Andreas Ulvo – piano
Trygve Waldemar Fiske – bass
Pål Hausken – trommer
English
Norwegian jazz singer Solveig Slettahjell comes to Vossa Jazz with her new jazz band. She has finally been able to put together the band of her dreams, comprised of some of Norway|s finest musicians. The group reworks traditional jazz songs and curiosities from other genres, as well as some of Solveig’s own compositions.