Lastar Hendingar

Sigrid Moldestad

  • Dette arrangementet er ferdig.
sundag 2. april

Kl 18:30

Sigrid Moldestad er ein av Noregs fremste artistar innan folk-, vise- og tradisjonsmusikk. Ho har eit sterkt forteljarhjarte og ei eiga evne til å berøre publikum anten det er med leikfull kraft eller melankoli og sjølvskrivne viser og tekstar.

Ho vaks opp i den vesle bygda Breim, Nordfjord og vart tidlig introdusert for felemusikken. Ho har studert folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss og har fordjupa seg i tradisjonen frå sitt heimeområde. Det er også denne musikken som er inspirasjon og rot i mykje av det ho skapar sjølv.

Sigrid har gjeve ut fleire plater, både i samarbeid med andre og som soloartist. Med platene «Taus», «Sandkorn», «Himlen har sove bort mørkret» og «Brevet til kjærleiken» har ho sidan 2007 plassert seg langt inn i den norske folkesjela. Ho har motteke to Spellemannsprisar og ei rekkje andre utmerkingar.

Og ikkje minst: Sigrid er ein fantastisk live-artist, som det er vanskeleg å ikkje verta påverka av som publikummar. Til Vossa Jazz 2023 tek ho med seg eit fantastisk ensemble av norske toppmusikarar innan folkemusikk/jazz-segmentet. Me gler oss stort til konserten hennar!

 

Medverkande:
Sigrid Moldestad – fele, vokal
Sigbjørn Apeland – trøorgel, rhodes, piano
Jørgen Sandvik –  gitarer, banjo, mandolin
Anders Bitustøyl –  bass
Kåre Opheim – trommer, perkusjon
Roald Kaldestad –  gitarer, mandolin
Kjetil Aabø – lydteknikk

English:
Norway has a rich folk music tradition and one of the most popular conveyor of this is the magnificent Sigrid Moldestad. The fiddle player and singer is a fabulous storyteller (although in Norwgian) and manages to move audiences of all ages with her playful force, melancholy and touching songs. Her live performances are a force of its own!

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.