Lastar Hendingar

Significant Time: Vossastubbar

  • Dette arrangementet er ferdig.

I «Vossastubbar» byr Significant Time på overmot, energi, vitalitet, varme og folkeleg foreining. Slik speglar dei att stemninga i «Vossastubbar» av vår eigen Per Sivle, diktsamlinga frå seint 1800-tal som friskt og inderleg herjar med folkeleg tenke- og væremåte på attkjennande og humoristisk vis.

Significant Time urframførte verket på Vossa Jazz i 2017, og no på vårparten vert endeleg musikken utgjeven på plate, og gruppa held sjølvsagt sleppkonserten på Vossa Jazz!

Sist gong vart det ståaende applaus i Osasalen, fem av fem smalahovud i Avisa Hordaland, og i vår eigen konsertomtale skreiv me følgande:

«Når ein har skrivekunst på så høgt nivå, er det på sin plass at nivået på musikken står i stil. Ein må seia at her står dei fjellstøtt side ved side, som om Sivle sjølv stod og overvar seansen».

 

Medverkande:
Signe Irene Time – vokal
Øyvind Dale – piano
Fredrik Luhr Dietrichson – bass
Raymond S. Lavik – trommer
Marius Klovning – gitar
Ida Løvli Hidle – trekkspel

 

English:
In «Vossastubbar,» Significant Time offers energy, vitality, warmth, and a sense of community. They reflect the atmosphere of «Vossastubbar,» a late 1800s poetry collection by the famous writer Per Sivle from Voss, that playfully and sincerely captures the folk mentality in a recognizable and humorous way.

Significant Time performed the work at Vossa Jazz 2017, and the music will finally be released as a record this spring, with the group holding the release concert at Vossa Jazz.

The last time they performed, there was a standing ovation in Osasalen, five out of five stars in Avisa Hordaland, and in our own concert review, we wrote: «When the writing is at such a high level, it is fitting that the level of music is equal to it. It must be said that they stand side by side, as if Sivle himself were present to oversee the performance.