• Denne hending er over.
sundag 25. mar - 12:00

Vokalist og bassist Signe Førre har verkeleg markert seg innafor jazz- og improvisasjonsmusikken etter konsertdebuten på Vossa Jazz i 2014. Sidan då har den unge vossingen spelt med namn som Andy Sheppard, Tineke Postma, Marius Neset og Laura Jurd, og repertoaret er utvida i fleire retningar, med eigne komposisjonar, jazzstandardar og verds- og folkemusikk. Med seg på scena har ho to av favorittmusikarane sine: Erlend Slettevoll og Håkon Mjåset Johansen.

Signe Førre – kontrabass, vokal
Erlend Slettevoll – piano
Håkon Mjåset Johansen – trommer

English:
Signe Førre is a young, up-and-coming jazz singer and bass player from Voss. Since her debut concert at Vossa Jazz 2014 she has played with big names such as Andy Shepperd and Marius Neset! She is joined onstage by two of her favourite musicians: Erlend Slettevoll and Håkon Mjåset Johansen.