Lastar Hendingar

Sanyu (DK)

fredag 27. mars

Kl 21:30

Med bakgrunn i soul og improvisasjon skapar Sanyu eit sjelfullt uttrykk med varme harmoniar, samstundes som ho leikar seg med rap og groove-baserte riff. Med eit dryss av spoken word og hamrande jazz på toppen, vert me lova stemning som varer heile kvelden.

Den Oslobaserte songaren og produsenten Sanyu har vorte eit festivalnamn. Den siste tida har ho mellom anna spela på Øya, Trondheim Calling og jazzfestivalane i København og Oslo. På scena har ho med seg nokre av dei mest særmerkte musikarane frå den norske jazz- og elektroniske musikkscena.

Debut-EPen Now You Hear It er ei 14 minutt lang reise gjennom vedkjenningar og sjølvgranskande ubehag, som gradvis utviklar seg til aksept av desse kjenslene gjennom eit lydlandskap der sjelfulle vokalharmoniar og elektroniske element er tett vevde saman.

EP-en vart omtala som «eit vitnemål om ekte kunstnarskap og dedikasjon til handverket» av Beehype, og vald ut som deira norske bidrag til «Best Albums of 2024».

Sanyu Christine Nsubuga – vokal
Joachim Meyer – kontrabass
Kristina Fransson – trompet mm
Rino Sivathas – trommer

Foto jumpsuit: Heidi Henriksen. Foto sofa: Ingvild Ness.

Denne konserten får du med deg dersom du har festivalpass eller dagspass fredag.

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.