Fredag 27. november skal Real Ones framføra den latinamerikanske messa Misa Criolla i Vangskyrkja. Det blir ein annleis, men inderleg jolakonsert, salig og blanda, med latinamerikanske melodiar, nydeleg fleirstemt song og Real Ones’ umiskjennelege lydbilete.
Misa Criolla er opphaveleg eit korverk, skrive av den argentinske komponisten Ariel Ramirez (1921-2010). Verket er arrangert for band av Real Ones sjølv, og dei syng på spansk!
Misa Criolla består av fem satsar, Kyrie, Gloria, Credo, Sanctus og Agnus Dei, i tillegg til instrumentalparti komponert av Real Ones. Musikken vekslar mellom lyriske, klassiske korparti og livlege, latinske rytmar – det heile framført med den bandenergien som kjenneteiknar Real Ones.
I 2014 gav Real Ones ut sin versjon av Misa Criolla på plate, til strålande omtalar og til ein svært begeistra publikumsrespons, blant på Vossa Jazz i 2015. No gler bandet seg til å ta opp igjen denne musikken. Og settingen kunne ikkje vore betre enn i den ærverdige Vangskyrkja.
Då dei vitja Vossa Jazz gav «Hordaland» Misa Criolla full pott om omtala konserten som «himmelsk vakker».
I tillegg til Misa Criolla vil Real Ones spela eit knippe eigne songar og instrumentallåtar som passar til dette spesielle høvet.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookies
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.