Lastar Hendingar
Foto Magdalena Martin

Petter Wettre

  • Dette arrangementet er ferdig.
sundag 26. september

Kl 15:00

Petter Wettre har sidan tidleg 90-tal markert seg som ein av dei viktigaste utøvarane på den norske jazzscena. Med Petter Wettre Trio og Wettre Quartet har han sanka fleire Spellemann-prisar, laga ei rekke knallgode album og spelt på scener verda over.

Den virtuose saksofonisten er best kjend for å spele jazz som verkeleg groover, sjølv om det musikalske uttrykket som oftast er nærare avantgardejazzen enn den meir tradisjonelle swing- og bopmusikken. Men i arbeidet med si siste innspeling – The Last Album – har han gjeve seg i kast med det han sjølv kallar «den ultimate utfordringa»: balladen.

Med det siste albumet openberrer altså Wettre ei meir lyrisk og stillfaren side, gjennom kjenslevare melodiar og varsame komposisjonar.

Kvartetten til Wettre har eit internasjonalt preg, med spanande og svært røynde jazzmusikarar.

 

Jerry Bergonzi seier dette om plata:

“It is refreshing to hear a ballad album of all originals. Each tune has a hook and keeps the listener engaged throughout. Petter’s playing is masterful with an amazing core in his sound throughout all registers. He leaves his heart out there for everyone to hear. The solo piece is a lesson on how to play the saxophone and loved the intimacy with the bass duo as well. A must listen”

Petter Wettre – saksofon
Vincent Bourgeyx – piano
Viktor Nyberg – bass
Francesco Ciniglio – trommer

 

English
Petter Wettre has been one of Norway’s finest and most important saxophone players since the early nineties. He is best known for playing groovy and swing based music with a big portion of avant garde influence. For his last album, aptly called The Last Album, he changed direction and tried his hand at what he has dubbed “the ultimate challenge”: the ballad.