Lastar Hendingar

Opning Vossa Jazz-utstilling

  • Dette arrangementet er ferdig.
fredag 12. april

Kl 17:00

Tor-Arne Moen er målar, grafikar og forfattar med atelier på Notodden. Han er utdanna ved Kunsthøyskolen i Bergen og hadde sitt gjennombrot med ein serie måleri til Hamsuns samlede verker tidleg på 90-talet. Sidan har han målt seg gjennom eit stort spekter og vore innom dei fleste klassiske, figurative disiplinar. I to periodar og frå 2017 har han jobba med nostalgisk tilnærming til materialet med utgangspunkt i gamle svart/kvit-fotografi som motivkrets.

Moen jobbar med figurativ teknikk med tjukke lag av måling i grove strøk med varierande penselbreidde. Han arbeider som regel i seriar, men er stadig på søken etter ny vinkling i sine arbeid. Tor-Arne Moen er òg svært interessert i musikk generelt og jazz spesielt. Han har mellom anna eit band som øver i atelieret hans ein dag i veka, og repertoaret deira er jazzperler! Moen sjølv trakterer med andre ord både pensel og saksofon.

Rådmann i Granvin herad og påtroppande Kultursjef i Voss herad, Trude Letnes, opnar utstillinga.

Opningstider:
Fredag 17.00 – 19.00
Laurdag: 11.00 – 16.00
Sundag 12.00 – 16.00

Vossa Jazz-utstillinga er eit samarbeid med Voss Kunstlag.

English:
Tor Arne Moen is a painter, printmaker and writer from Notodden, Telemark. He is known for inspired figurative paintings and woodcuts made with skilled craftsmanship. His style is influenced by realism and expressionism, and he often uses photography as a starting point. Moen is a jazz lover and hobby saxophone player, an interest that comes across in some of his motives.