

Folkofonen er eit orgel av menneskestemmer. Lyd og bilete vert avspelt ved hjelp av eit dataprogram via eit MIDI-keyboard. Stemmene og ansikta til menneske av alle aldrar, alle opphav, alle økonomiske høve og alle kjønn einest på storskjerm. Frå statsminister til den heimlause, alle syng med sine respektive nebb. Alle er folk, alle har stemme og menneskeverd, og alle representerer forskjellige fargar i det same biletet.
Når du kjem inn dørene i Kultursalen, kan du også få gi din tone til konserten. Ulike, men likeverdige tonar i same akkord.
I tillegg til syngande menneske vert òg alle slags lydar frå menneskeleg aktivitet bruka i Folkofonens audio-visuelle univers. Alt dette opplever du i kinoformat i samspel med musikarar frå øvste hylle, med den grensesprengande saksofonisten Rolf-Erik Nystrøm og den sørafrikanske vokalkunstnaren Juliana Venter i spissen.
Kan eit menneske fortelje historia om seg sjølv på 10 sekund? Ja, sier kunstnaren bak verket. «Dersom personen ser deg inn i augo og syng ein lang tone. Ansiktet snakkar. Og språket eit ansikt har, kommuniserer alt det orda ikkje kan romme. Saman med stemmeklangen fortel ansiktet ei stor historie om kven me er og korleis me har det. Alle menneske har ei historie berre dei kan fortelje. Og summen av alle desse historiane er historia om oss alle.» – Ole Hamre
Ole Hamre – slagverk, visuell kunst
Eivind Austad – keyboard, vokal
Juliana Venter – vokal
Rolf-Erik Nystrøm – saksofon og vokal
Snorre Bjerck – trommer og vokal
Foto: Hans Jørgen Brun
Ekstern lenke: Folkofonen, NRK
Denne konserten får du med deg dersom du har enkeltbillett til konserten, festivalpass eller dagspass sundag. Om du har pass, vurder å sikre deg med plassbillett (25 kr).