Lastar Hendingar
Olavi Louhivuori - Oddarrang, Tero Ahonen

Olavi Louhivuori – «The Net of Indra»

  • Dette arrangementet er ferdig.
fredag 23. mars

Kl 21:00

Det finske fenomenet Olavi Louhivuori lagar splitter nytt verk, bestilt til Vossa Jazz 2018! Den fantastiske trommeslagaren er mellom anna kjend for sine soloprosjekt, bandet Oddarrang og samarbeid med Tomasz Stanko Kvintett, Skydive Trio (med Thomas T. Dahl og Mats Eilertsen), Alexi Tuomarila Trio og Rubicon-bandet til Mats Eilertsen.

Bandet han har med seg kunne gjerne kalt seg «the very best of Scandinavia»: Den danske supergitaristen Jakob Bro (Tomasz Stanko, Palle Mikkelborg, Bill Frisell, Lee Konitz), den finske legenden Juhani Aaltonen på saksofon og fløyte (Arild Andersen, Jan Garbarek) og sjølvaste Palle Danielsson på bass, som knapt treng parentes bak namnet sitt. Berre for ordens skuld: (Keith Jarrett, Jan Garbarek, Bill Evans, Bobo Stenson).

Alt ligg altså til rette for ei fenomenal, tverr-nordisk jazzoppleving av dei sjeldne. Då er det berre til å smøre seg med tålmod, kjøpe billett og starte nedtellinga. Om ein er ekstra nyfiken kan ein gjere eit kjapt google-søk på tittelen Indras nett, og setje seg inn i buddhistiske idear som tomheit, interpenetrasjon og samanveksing og leite etter hint der – berre for spesielt interesserte!

Olavi Louhivuori – trommer, komposisjon
Jakob Bro – gitar
Trygve Seim – saksofon, fløyte
Palle Danielsson – bass

Konserten inngår i billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

http://www.olavilouhivuori.com/

OBS! Då Juhani Aaltonen har skada armen har doktoren gjeve ordre om spelestopp nokre månader, og det betyr at han diverre ikkje kan vera med til Voss. Det er likevel med glede at me kan fortelja at Trygve Seim stepper inn i hans plass. Seim er  vel kanskje den mest finske nordmannen me har, han har til og med ei eigen sauna i form av ei rullande campingvogn! Det betyr at me likevel får eit band av «the very best of Scandinavia»!

English:
«The Finnish Phenomena» Olavi Louhivuori performs a brand new work, commissioned by Vossa Jazz! The fantastic drummer is known for his diverse solo projects, and bands such as Oddarang, Tomasz Stanko Quintet, Sky Dive Trio, Alexi Toumarila Trio and Mats Eilertsens «Rubicon»-band. Everything is set for a phenomenal, inter-Scandinavian jazz experience, when Louhivuori takes the scene with a band consisting of «the very best of Scandinavia»: Jakob Bro, Juhani Aaltonen and Palle Danielsson.

New: Juhani Aaltonen has unfortunately hurt his arm, and he can’t perform as part of OLAVI LOUHIVUORIS – «THE NET OF INDRA» at Vossa Jazz, per doctor’s orders. Luckily, the legendary Norwegian saxophone- and flute player Trygve Seim is ready to step in for Aaltonen at this short notice. We can still look forward to a great concert with a quartet consisting of «The very best of Scandinavia»!