Lastar Hendingar

Nicole Johänntgen Trio (DE)

Den tyske saksofonisten og komponisten Nicole Johänntgen lagar musikk er groovy, eksperimentell og stundom melankolsk. Det svingar av spelet til Nicole, og her og der kan du høyre preg av Motown-æraen frå 1970-talet.

Ho har gjeve ut over 30 album og vunne ei rekkje prisar, og ho er saksofon-influenser på Instagram. Når Nicole skapar musikk, likar ho å grave djupt. For henne handlar musikken om å kjenne etter og reflektere over tilværet.

Saksofon-pionér David Liebman seier fylgjande:
«Nicole har noko heilt spesielt i spelet sitt – eit stort og generøst hjarte. Ein eksepsjonell energi!»

Nicole Johänntgen – saksofon, vokal
Victor Hege – sousafon
Lukas Mantel – trommer

Foto: Nicole Pfister/Bern

Denne konserten får du med deg dersom du har festivalpass, dagspass laurdag eller huskort laurdag.

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.