I 2009 mottok Kjetil Møster Vossa Jazz-prisen og det er stor stas å presentera denne råe og allsidige musikaren med eit nytt prosjekt til Vossa Jazz 2017!
Møster! er hans hovudprosjekt og draumeband, som dei siste seks åra har hatt ei bratt stigande formkurve. Bandet vart starta som eit bestillingsverk til Kongsberg Jazzfestival 2010, og har sidan den gong turnert over heile Europa og sluppe tre kritikerroste album. Dei har fått ein stor tilhengjarskare, og i 2015 vart Møster! nominert til Spellemannsprisen i jazzkategorien, og spelte for eit par tusen publikummarar på Øyafestivalen.
Til urframføringa på Vossa Jazz kjem Møster med utvida besetning: «Trollmannen frå Dombås», Ståle Storløkken er med på tangentar, og Helge Nordbakken, kjend frå Jon Balke sitt Batagraf og samarbeid med Maria Joao, vert med på perkusjon. Sist, men ikkje minst, sjølve rosina i pylsa: (Super)Duper-produsent Jørgen Træen (Susanne Sundfør, Jaga Jazzist, Kaizers Orchestra, The National bank) vert med på modulærsynthesizer.
Møster!-gjengen lovar ei rytmisk energiutblåsning på Vossa Jazz, med spanande element frå tysk krautrock og Vest-Afrikansk tradisjonsmusikk. Dette må du få med deg!
Kjetil Møster – saksofoner, klarinett, elektronikk
Hans Magnus Ryan – gitar, elektronikk
Nikolai Hængsle Eilertsen – bass, elektronikk
Kenneth Kapstad – trommer
Helge Norbakken – perkusjon
Ståle Storløkken – tangentar, elektronikk
Jørgen Træen – modulærsynth
Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.
English:
Møster! is the Bergen based virtous saxophone player Kjetil Møsters main project and dream band. They started out in 2010, and has since then gained a big fan base by exstensive touring and three critically acclaimed albums. For the commisioned work at Vossa Jazz 2017 they will add three leading Norwegian musicians to their already amazing lineup. They promise a groovy, highly potent and multifacetted outburst of energy, drawing inspiration from West African traditional music as well as german krautrock.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookies
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.