Morgonrode blandar tradisjonell norsk folkemusikk med jazz og improvisert musikk på ein rå, drivande og utforskande måte. Dei har spelt saman sidan 2015, og har latt høyre frå seg på ei rekke folkemusikkscener og -festivalar rundt i landet.
I 2019 kom den etterlengta debutplata, med springarar, salmar, viser og bånsullar på repertoaret. I Morgonrode sitt musikalske uttrykk får desse tradisjonelle sjangrane utfalda seg fritt i nye himmelretningar. Dei tradisjonelt skulerte musikarane tek alle triks i boka i bruk når kammermusikk, strykekvartettar, tradisjonelle slåttespel, vare folketoner og klangbaserte improvisasjonar smeltar saman til ei høgare eining.
«Hypnotiske folketoner!» meinte Audun Vinger i DN, og kalla musikken for «noe av den mest spennende og medrivende norske musikken man kan høre for tiden».
Selma French Bolstad – nøkkelharpe, hardingfele, vokal
Helga Myhr – hardingfele, vokal
Rasmus Kjorstad – oktavfele, vokal
Fredrik Luhr Dietrichson – kontrabass
Andreas Winther – trommer, perkusjon
English:
Morgonrode blends traditional Norwegian folk music with jazz sensibilities and improvisation in a fresh and explorative way! Norwegian music journalist dubbed the latest album «Hypnotical folk music», and dubbed the record «one of the most exciting and enthralling pieces of Norwegian music in these times».
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookies
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.