Lastar Hendingar

Moksha

  • Denne hending er over.

OBS! Til denne konserten kan du kjøpa enkeltbillett eller billett som òg inkluderer konserten til Petters Festjam feat. John Pål Inderberg (2 i 1: Moksha og Petters Festjam). 

 

Moksha skapar dei eit distinkt møte mellom jazz, indisk raga, stemningsfull improvisasjon og komplekse rytmar.

Musikken inviterer til meditasjon og ettertanke, i eit spel mellom kjensler og intellekt. Albumet The Beauty of an Arbitrary Moment er ein sjølvsikker og inspirert debut som leverer mykje og lovar meir for framtidige utgjevingar.

Moksha har dei siste åra turnert i Noreg, Europa og i Nepal og har samarbeidd med artistar som Ashraf Sharif Khan (Pakistan), Rubin Shrestha (Nepal) og Bugge Wesseltoft (Noreg). I april 2016 ga Moksha ut si kritikarroste debutplate The beauty of an Arbitrary Moment på plateselskapet Jazzland.

«Combining Nordic jazz and Indian Raga, Moksha’s music can veer off into intense realms of expression» – John Ephland, Downbeat Magazine January

På Vossa Jazz er Ola Kvernberg vikar for Tore Flatjord.

 

Oddrun Lilja Jonsdottir – gitar
Ola Kvernberg – fele
Sanskriti Shrestha – perkusjon, vokal