Lastar Hendingar

Maridalen & Lars Lillo-Stenberg

laurdag 28. mars

Kl 21:00

Draumemøtet mellom Maridalen og Lars Lillo-Stenberg!

I mars i fjor pakka jazztrioen Maridalen instrumenta og drog til den franske småbyen Sanxay, der Lars Lillo-Stenberg hadde leigd eit hus under friåret sitt. Det som starta som ein laus idé – «kva om vi inviterer med ei stemme med karakter?» – enda med nokre varme, uplanlagde og særs fruktbare dagar på den franske landsbygda.

Maridalen har dei siste åra markert seg sterkt både nasjonalt og internasjonalt, med tre kritikarroste album og konsertar på festivalar over heile Europa. På dei tidlegare albuma har dei hatt med seg gjestemusikarar, men aldri vokal og tekst. Då Anders foreslo Lillo-Stenberg, fall alle brikkene på plass – det franske møtet vart til albumet Fransk utgang, som blei sleppt 28. november 2025. Det er Maridalens fjerde album, etter Maridalen (2021), Bortenfor (2022) og Gressholmen (2024).

Dagsavisen trillar seksar på terningen og tek albumet med på lista over dei beste utgivingane i 2025 – «ei lykkerus av eit album».

På årets Vossa Jazz får du høyre samarbeidet slik det oppstod: nært, akustisk og ekte – ein smak av den franske stova i Sanxay.

Der Lillo-Stenberg sitt særeigne uttrykk møter Maridalens opne og nordiske kammerjazz, oppstår ein musikk som er både melodisk og forteljande, open og nær. Låtane blei skrivne og komponerte i fellesskap under opphaldet og krinsar rundt reiser, inntrykk frå landsbyen, lengt, undring og kjensla av å kome heim att. Tekstane reflekterer over kva det eigentleg tyder å dra bort – og kva ein oppdagar undervegs.
Med Fransk utgang opnar dei, saman med Lillo-Stenberg, døra til eit nytt musikalsk landskap.

«…det var pokkers flaks at dei fann kvarandre» – Dagens Næringsliv
«Eit uventa samarbeid som har blitt til nydelege, nakne viser og eit lydlandskap ein kan drøyme seg bort i» – Gaffa (5/6)

Jonas Kilmork Vemøy – trompet
Anders Hefre – saksofon, klarinett
Andreas Rødland Haga – kontrabass
Lars Lillo-Stenberg – vokal, gitar

Foto: Jørgen Nordby

Denne konserten får du med deg dersom du har enkeltbillett, festivalpass eller dagspass laurdag. Om du har pass, vurder å sikre deg med plassbillett (25 kr).

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.