Lastar Hendingar
Foto Helge Hansen

Mariam Wallentin & Vestnorsk Jazzensemble

  • Denne hending er over.
fredag 31. mars

Kl 20:00

Mariam Wallentin er ein kunstnar med stort hjarte. Musikken hennar femner både det personlege, allmenne og det spirituelle, med røter dels i improvisasjon og avantgarde, dels i pop og soul.

Mariam er halve trommeduoen Wildbirds & Peacedrums og ei av dei kreative kreftene og komponist i storbandjazzeksplosjonen Fire! Orchestra. Ho har jobba med band som Deerhof og Konono no 1, med kor, strykeensemble og symfoniorkester, turnert med St Vincent og Lykke Li, sunge for Björk på Polarprisen og deltatt i ein eksperimentell opera av støymusikar Ben Frost.

Ho har sunge spesialskrivne stykke av Daniel Bjarnason, vore gjest på album frå Leonard Cohen og Refused, samarbeida med Damien Rice og Feist, komponert ei konsertførestilling og songsyklus kalla The Wishing Well, vunne Manifestoprisen, Jazz Cat Award og blitt nominert fleire gonger for Grammis. I tillegg starta Wallentin Mariam The Believer i 2013 for å fokusera uttrykket sitt til et meir poporientert prosjekt.

Vestlandet er rikt på fabelaktige jazzmusikarar, og Mariam har valt nokre av dei aller beste til Vestnorsk Jazzensemble-prosjektet. Dei debuterte med ein fantastisk konsert på Sildajazz 2022, og no kjem dei til Vossa Jazz!

Dette seier Mariam sjølv om prosjektet:

For Vestnorsk Jazzensemble ville eg oppnå noko klart, tørt og ærleg. Noko litt oppskrapa, litt omfavnande, mitt eige materiale omarbeida i eit heilt nytt klingande rom der det boblar, sveipar, svingar og vert knust.

Men mest av alt ønska eg å finna ei setting som kjennes dynamisk og spanande, som kan stiga høgt opp mot ein gloheit himmel for så å dykka djupt ned i underjordisk mørke.

Saman skal vi finna noko udefinerbart og fritt, vilt og vakkert, noko som kan sitja tett og kviskra «livet er her akkurat no, ta det!”

 

Medverkande:
Mariam Wallentin – vokal
Kjetil Møster – saksofon
Gro Austgulen – fiolin
Hildegunn Øiseth – trompet, bukkehorn
Carmen Bóveda – cello
Anders Hana – gitar
Julie Rokseth – harpe
Arne Toivo Sandberg – bass
Terje Isungset – perkusjon
Børge Fjordheim – trommer

English:
Mariam Wallentin is an artist with a big heart. Her music encompasses both the personal, the universal and the spiritual, rooted partly in impro and avantgarde, partly in pop and soul. Western Norway is not lacking in fabulous jazz musicians and Mariam has chosen some of the very best in her Vestnorsk Jazzensemble. “Together we will find something undefined and free, beautiful and wild, something that can whisper closely in your ear “life is right here, right now, come get it” says Mariam on what her main aim for the evening is.