Lastar Hendingar
Foto Ole B. Steinsvik
Foto Ole B. Steinsvik

Large Unit EthioBraz

fredag 31. mars

Kl TBA

Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.


 

Paal Nilssen-Love og Large Unit EthioBraz kjem til Vossa Jazz med utvida besetning, saman med den etiopiske musikk- og dansegruppa Fendika!

I 2013 fann den hardtarbeidande trommisen ut at det var på tide å starte sitt eige storbandensemble, og Large Unit vart fødd, med konsertdebut på Moldejazz, og påfølgande turnear i Europa, Etiopia, Brasil, Japan og USA.

Gruppa består i utgangspunktet av ein gjeng unge og energiske nordiske musikarar, men over tid har gjengen vorte utvida med spanande musikalske vener dei har møtt på vegen. På den kritikarroste plata EthioBraz (2019) utvida dei besetninga med den etiopiske musikk- og dansegruppa Fendika, brasilianske musikarar og den nederlandske støyrockaren Terrie Ex, og resultatet vart sjangeroverskridande dynamitt – fritt, energisk og groovy!

21 musikarar frå tre kontinent som kjem saman i radikal, musikalsk fridom – det er denne superversjonen av Large Unit me får oppleva på Vossa Jazz 2023!

Medverkande:
Niklas Barnö – trompet
Mats Äleklint – trombone
Kristoffer Alberts – tenor-, altsaksofon
Heidi Kvelvane – altosaksofon, fløyte
Klaus Holm –  Bb-klarinett, alto- og baritonsaksofon
Per Åke Holmlander – tuba
Kalle Moberg – akkordeon
Ketil Gutvik –  el-gitar
Terrie Ex – gitar
Tommi Keranen  – elektronikk
Jon Rune Strøm –  kontrabass, el-bass
Christian Meaas Svendsen – kontrabass, el-bass
Andreas Wildhagen –  trommer, perkusjon
Paal Nilssen-Love – trommer, perkusjon
Celio DeCarvalho – perkusjon
Melaku Belay – dans
Emebet Welde – dans
Nardos Tesfaye – vokal
Habetamu Yeshambel – masingo (strengeinstrument)
Mesay Abebaye – kobero (trommer)
Robel Zenebe – krahr (strengeinstrument)
Christian Brynildsen Obermayer –  lydteknikk

English:
Paal Nilssen-Love and Large Unit EthioBraz are coming to Vossa Jazz with an expanded lineup, along with the Ethiopian music and dance group Fendika! In 2013, the hardworking star drummer decided to start his own big band ensemble, and Large Unit was born, with a concert debut at Moldejazz and subsequent tours in Europe, Ethiopia, Brazil, Japan, and the USA.

The group originally consists of a group of young and energetic Nordic musicians, but over time the group has been expanded with exciting musical friends they have met along the way. On the critically acclaimed album EthioBraz (2019), they expanded the lineup with the Ethiopian music and dance group Fendika, Brazilian musicians, and Dutch noise rocker Terrie Ex, resulting in genre-crossing dynamite – free, energetic, and groovy!

21 musicians from three continents coming together in radical musical freedom – this is the super version of Large Unit we will experience at Vossa Jazz 2023!


Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.