Lastar Hendingar

Kresten Osgood Quintet

  • Dette arrangementet er ferdig.
laurdag 13. april

Kl 01:00

Konserten inngår i billetten huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten. 18 års aldersgrense.

«Tendensen i dansk jazz heter Osgood» var overskrifta i ein dansk avis for nokre år tilbake. Det er beskrivande for den sentrale stillinga trommeguden og villmannen Kresten Osgood har i jazzverda. Til Voss tek han denne gongen med seg ein kvintett beståande av nokre av dei aller sterkaste unge musikarane frå Danmark. Saman har dei laga Kresten Osgood Quintet Plays Jazz (2018) – ein leiken og intelligent plate som byggjer bru mellom for- og notida, med sterkt fokus på amerikanske jazztradisjonar.

Erik Kimestad – trompet
Mads Egetoft – saksofon
Jeppe Zeeberg – piano
Mathias Petri – bass
Kresten Osgood – trommer

English:
The wild and superb Kresten Osgood returns to Vossa Jazz with his quintet. The amazing drummer has put together a group consisting of the most exciting, young talent on the Danish jazz scene. Their record «Kresten Osgood Quintet Plays Jazz» from 2018 is a playful and intelligent release, that combines American jazz traditions with a fresh breath of modern Scandinavian influence.