Denne konserten er dessverre avlyst.
Kjersti Stubø Quintet presenterer eit stykke nordnorsk jazzhistorie!I ein bortgøymd øskje på loftet fann syskena Kjersti og Håvard Stubø ein ekte jazzskatt. Faren, den høgt akta jazzgitaristen Thorgeir Stubø (1943-1986), hadde etterlete seg ein stor bunke spanande komposisjonar. Mange av dei har aldri vore presentert for publikum før. Musikken, som opphaveleg var instrumental, har fått nyskrivne tekstar på nordnorsk og samisk av Kjersti Stubø. Gruppa har lagt ned mykje arbeid i arrangeringa – dei har foredla materialet utan å miste særpreget etter faren.
Kjersti Stubø er ein av landets leiande jazzvokalistar. Den mjuke, leikne og melodiøse stemma hennar er ettertrakta både på plate og konsertscener overalt. I bandet finn ein eit knippe av dei aller høgst verdsette jazzmusikarane i landet. Alt ligg til rette for ei framifrå konsertoppleving under 2016-festivalen!
Kjersti Stubø – vokal
Jørn Øien – piano
Håvard Stubø – gitar
Mats Eilertsen – kontrabass
Håkon Mjåset Johansen – trommer
English – this concert is cancelled
Kjersti and Håvard Stubø found a real jazz treasure in the attic of their childhood home. Their father, the esteemed jazz guitarist Thorgeir Stubø (1943-1986) left behind a big pile of exciting compositions – many of them unheard by others until now. Kjersti Stubø has written lyrics in norwegian dialect and sami for the originally instrumental music. She is one of Norway’s most beloved jazz singers and her band consists of top-shelf musicians – everything is set for an amazing concert next year!