Dei var blant artistane me hadde gledd oss til å høyra på festivalen i 2020 – no kjem endeleg Kjartan Fløgstad Band til bygda!
Her vert det nyskrivne tekstar frå Fløgstad og Stalsberg og originalkomposisjonar av Raknes og Carstensen: Ei salig blanding av kortreiste og langreiste toner frå amerikanske jukeboksar, landskappleik og buskspel, jazzklubb og bluesbule, katedral og høgfjell, i følge dei sjølve! I tillegg får publikum oppleva tonesette tekstar frå den prisløna Fløgstad-romanen Due og drone frå 2019.
Når det er forfattarar av dette kaliberet i bandet, er det gjerne på sin plass å la presseskrivet snakke for seg sjølv:
Dette er sang. Dette er pang. Dette er forskjellige dialekter, vektklasser, temperament og humring. Musikken sneier innom rock, pop, tango, ørken og støy.
Dette er gravalvor for skumle tider.
Dette er skumle smil med gravalvor.
Dette er Messi er en sommerfugl. Dette er også en hommage til Nicanor Parra. Dette er om Buenos Aires, det gamle betongblanderkoret, Duval i Drammen, E76 over Haukeli, Off Piste, Himlaleite over Skaulen og et forsøk på å få folk til å være med i Kjartan Fløgstad Band-bussen, ta plass alle som er greie, leie og breie.
Odin Staveland – perkusjon, vokal
Stian Carstensen – trekkspel, vokal
Steinar Raknes – kontrabass, vokal
Tom Stalsberg – dikt
Kjartan Fløgstad – dikt
English
Famous Norwegian writers Kjartan Fløgstad and Tom Stalsberg teams up with some of Norways most interesting musicians and composers, presenting newly written lyrics and eclectic musical mix of local and global influences, ranging from American jukebox music, Norwegian trad, classy jazz, groovy blues and much more.