This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.


Khmer/Labyrinter – Nils Petter Molvær
I 1996 urframførte stjernetrompetist Nils Petter Molvær Tingingsverket «Labyrinter» på Vossa Jazz, med massive beats, bankande grooves og brennande trompetsoloar! Det strålande verket vart døypt om til «Khmer» og gjeve ut som Molvær si debutplate på ECM året etter. Albumet vart seld i over 250 000 eksemplar over heile verda og styrkte hans posisjon blant dei leiande stemmene i den europeiske jazzrørsla.
Vossa Jazz er stolte over å ha hatt ein finger med i spelet i Molvær si tidlege karriere, og no er me utruleg glade for å få høyra det viktige Tingingsverket ein gong til, som opningskonsert på jubileumsfestivalen!
Saman med ei gruppe fantastiske musikarar byggjer Molvær bru mellom ECM-aktige improviserte lydlandskap og den modige nye verda av trip-hop, drum’n’bass, ambient/illbient, techno, industrial, electronica og samples.
Nils Petter Molvær er kanskje best kjend for samarbeid med dei fleste leiande musikarane i skandinavisk jazz, og med internasjonale stjerner som Elvin Jones, Gary Peacock og George Russell. Med Khmer kombinerer han fridomen til jazzen med rocken sin energi og elektronikasjangeren sine uante, teknologiske moglegheiter.
Medverkande:
Nils Petter Molvær – trompet
Eivind Aarset – gitar
Jan Bang – live sampling
DJ Strangefruit – platespelarar
Audun Erlien – bass
Rune Arnesen – trommer
Per Lindvall – trommer
Sven Persson – lyddesign
Tord Knudsen – lysdesign
Cecilie Løveid opnar festivalen i forkant av konserten.
Løveid debuterte med romanen «Most» i 1972, og året etter var ho ein av lyrikarane som var med på den aller fyrste Vossa Jazz-festivalen! Me gler oss til å høyra korleis ein forfattar av dette kaliberet sparkar i gang den 50. festivalen.
