

Sjølv om Ketil Bjørnstad for lengst har fylt 50 som forfattar og 70 som menneskje har han framleis ein heil spesiell energi som han no tar med seg til solokonsert i Vangskyrkja. I møte mellom melodi, klang, rytme og improvisasjon hentar Bjørnstad fram nye kjelder som oppstår her og no mellom pianist og publikum, mellom flygel og konsertsal.
Renessansemannen Ketil Bjørnstad er komponist, klassisk utdanna pianist, og forfattar av over tjue bøker. Han har gjeve ut plater på ECM, samt samarbeida med mellom anna Terje Rypdal, Svante Henryson, Anneli Drecker og Ole Paus. I litteraturen har han same spennvidde – frå poesi til krim, frå biografiar til satire. Bjørnstad kjem også til å skriva opningsteksten til Vossa Jazz og er såleis festivaldiktar 2026!
«Solo-konsertene har alltid vært grunnlaget for min musikalske karriere. De markerer begynnelsen og slutten. Alene med flygelet oppstår det en særegen og nær kontakt med publikum som påvirker de musikalske valgene underveis.» Ketil Bjørnstad
Ketil Bjørnstad – piano, røyst
Foto: Benedicte Ugland
Denne konserten får du med deg dersom du har enkeltbillett til konserten, festivalpass eller dagspass laurdag. Om du har pass, vurder å sikre deg med plassbillett (25 kr).