Lastar Hendingar
Kåe Kolves Interactions

Kåre Kolve – Interactions

  • Dette arrangementet er ferdig.
laurdag 19. mars

Kl 20:00

Vossingen Kåre Kolve har snart 30 års fartstid bak seg med saksofonen. Dei som har vore på Vossa Jazz dei siste åra veit at han alltid leverer varene: I 2010 gjorde han ein strålande kvartettkonsert med materiale frå den flotte plata My Direction. I 2012 leia han Voss Storband til stor jubel i festsalen på Park, og i 2014 spelte han med broren Ivar Kolve i det spanande bestillingsverket Polyostinat.

No kjem han attende, og med seg har han «crême de la crême» av skandinaviske toppmusikarar. Saman skal dei framføre Kolve sitt bestillingsverk til Jazzfest i 2015. Verket har dei musikalske føtene planta i den europeiske akustiske jazztradisjonen. Om me førehandsdømer ut ifrå dei siste Vossa Jazz-konsertane til Kåre Kolve kan me sei med svært stor sikkerheit at dette er noko å gle seg til!

Kåre Kolve – saksofon
Anders Jormin – bass
Mathias Eick – trompet
Ivar Kolve – vibrafon
Espen Berg – piano
Per Oddvar Johansen – trommer

English
With nearly 30 years of experience the Voss-born saxophone player Kåre Kolve is one of Norway’s most versatile and exciting jazz musicians. To Vossa Jazz 2016 he brings the «crême de la crême» of scandinavian jazz musicians to play new music in the european acoustic jazz tradition specially written for the festival. Passionate «Vossa Jazz’ers» that remember his last shows know that this is something to look forward to – Kåre Kolve always delivers vibrant and tasty high quality jazz music!