Lastar Hendingar

Kåre Kolve Electric Fusion Quintet

  • Dette arrangementet er ferdig.
laurdag 9. april

Kl 23:30

Etter mange år som utøvande musikar har saksofonist Kåre Kolve no vendt blikket til si eiga ungdomstid, 80-talet og den musikken som gjorde at han byrja å spela saksofon. Me snakkar groovy, funky og fengande musikk i skjeringspunktet mellom jazz, funk, pop og prog, og band som Spyro Gyra, Koinonia, Yellowjackets, Weather Report og David Sandborn, og litt nyare grupper som Dirty Loops, Cory Wong og Snarky Puppy.

Kolve har spelt med fleire band i denne sjangeren i løpet av karriera si: Han var fast medlem av den islandske gruppa Mezzoforte i fleire år, og han reiste rundt med Randy Crawford i tre år saman med den legendariske gruppa Lava. No har han sett saman eit knallsterkt band med nokre av dei aller beste norske musikarane innan sjangeren. Dei er i gang med plateinnspeling av nytt, originalt materiale, men først kan du få med deg live-debuten på Vossa Jazz!

Torstein Lofthus – trommer
Jonny Sjo – el.bass
Jørn Øien – tangentar
Bernt Rune Stray – gitarar
Kåre Kolve – saksofon


Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

 

English
Norwegian saxophone player Kåre Kolve goes back to his youth and the music that inspired him to pick up his instrument in the first place: The groovy, pop- and proginspired funk music of the 80s – think Spyro Gyra, Koinonia, Yellowjackets, Weather Report og David Sandborn. Kolve is no stranger to this genre, having played with Mezzoforte, Lava and Randy Crawford in the nineties. His new group consists of some of Norway’s leading musicians in the genre.