Lastar Hendingar
Foto Bjørn Ánte Røe

Jazzlinja i Trondheim: Magellan – In search of

  • Dette arrangementet er ferdig.

Menneska lever liva sine i fåkunne. Me har alltid hatt ein sterk trong til å avdekkje det skjulte, begripe det ubegripelege – utforske ukjent farvatn. I 1521 segla Ferdinand Magellan jorda rundt på leit etter nye sjøvegar. I 2021 reiser Magellan igjen, men denne gongen i form av tredjeklassen på NTNU Jazzlinja!

Eit massivt, banebrytande og vakkert ensemble, med eit mannskap beståande av 14 fremadstormande musikarar som seglar i ope landskap. Eit skip lasta med fengslande melodiar, varme harmoniar og brusande rytmar – eit uføreseieleg og originalt musikalsk univers.

Miriam Namtero Kibakaya – vokal
Sara Brasøy Fjeldvær – vokal
Audun Rørmark – fiolin, hardingfele
Ellie Mäkelä – bratsj
Helge Snorri Seljeseth – fiolin
Tuva Halse – fiolin
Peter Robertstad – trombone
Zakarias Meyer Øverli – tenorsaksofon
Benjamín Gísli Einarsson – piano
Anders Waltersdorph Hjemmen – kontrabass
Gard Kronborg – el-bass
Oda Kristine Steinkopf – kontrabass
Odin Leithe Haukø – kontrabass
Øyvind Solhaug Leite – trommer

Tilskipinga er gratis, men hugs at du må ta ut billett! Det er avgrensa kapasitet.