Lastar Hendingar
Jazzland Night med Trioalogue og Endresen/Bang

Jazzland Night

  • Dette arrangementet er ferdig.
fredag 18. mars

Kl 20:30

Tjue år med utgjevingar som inneheld noko av den beste, mest spanande og nyskapande musikken frå Noreg er openbert ein grunn til feiring. Sidan suksessen New Conceptions in Jazz i 1996 har Jazzland-labelet til Bugge Wesseltoft har gjeve oss strålande platar med mellom andre Beady Belle, Wibutee, Live Maria Roggen, Mari Kvien Brunvoll, Audun Kleive, Håkon Kornstad og Ola Kvernberg Trio!

Til Jazzland Night på Vossa Jazz tek Bugge Wesseltoft med seg Henrik Schwarz og Dan Berglund – dei tre laga det kritikarroste albumet Trialogue saman i 2014. Sidsel Endresen, Noregs fyrstedame i improvisert vokal kjem; det gjer òg Jan Bang, ein kjent meister innan live-sampling og remiksing – pluss endå nokre gjester som er hemmelege i fyrste omgang. Jazzland-gjengen lovar ein blanding av flotte framsyningar, utmerka musikk, nostalgi og visjonar for framtida: Dette er absolutt ikkje noko ein kan gå glipp av!

Bugge Wesseltoft – tangentar, elektronikk
Henrik Schwarz – elektronikk
Dan Berglund – bass
Sidsel Endresen – vokal
Jan Bang – elektronikk
+ fleire gjester!

English
The Jazzland label has released some of the best, most exciting and innovative Norwegian music since 1996: This is cause for celebration! To Jazzland Night at Vossa Jazz Bugge Wesseltoft brings with him some of the finest artists on the label roster. Henrik Schwarz and Dan Berglund, Wesseltoft’s collaborators on the critically acclaimed Trialogue from 2014, comes – so does the Norwegian first-lady of improvised singing Sidsel Endresen, and Jan Bang, a renowned master of live sampling and remixing. Plus many more!