Irene Tillung og Ti på Taket med nyskrive verk til Vossa Jazz!
Irene Tillung frå Voss har verkeleg blitt lagt merke til innan norsk folkemusikk dei siste åra. Ho har gjeve ut til saman ni album, og ho har turnert med artistar som Tindra, Frøholm/Tillung, Maar og Eli Storbekken. Hildersyn (2017) var namnet på debutplata til Ti på Taket – ei omfangsrik gruppe med framifrå musikarar frå ulike sjangrar, sett saman av Tillung. Plata, som vart produsert av Mathias Eick, fekk strålande omtalar frå presse og musikkelskarar landet over.
Irene Tillung kjem til Vossa Jazz med nokre nye, spanande namn «på taket», og ikkje minst: Heilt ny musikk, komponert på bestilling av Vossa Jazz!
Dette seier Tillung sjølv om musikken:
Timannsensemblet Ti på Taket er resultatet av eit ønske om å smelte saman alt eg hadde i min musikalske bagasje. Musikarane eg har med meg har røter i sjangrar som jazz, folkemusikk, populærmusikk og klassisk musikk, og desse ulike musikalske innfallsvinklane er med på å gje lydbiletet djupn og stor spennvidde. Nokre gongar brukar eg musikarane på ein orkestral måte der instrumenta er med å fargelegge og gje klanglege effektar, og tidvis får dei eminente musikarane rom til å boltre seg fritt.
Irene Tillung – akkordeon, komponist
Tore Brunborg – saksofon
Erik Sollid – hardingfele
Erlend Viken – fele, oktavfele
Lise Voldsdal – bratsj og fiolin
Ragnhild Lien – fiolin
Kaja Fjellberg Pettersen – cello
Juhani Silvola – gitar
Sondre Meisfjord – kontrabass
Pål Hausken – trommer
English
Irene Tillung is a folk musician and composer from Voss, who has released nine albums and played with groups/artists such as Tindra, Frøholm/Tillung, Maar og Eli Storbekken. Together with the ten person ensemble «Ti på taket» [«Ten on the roof»], consisting of some of the best Scandinavian folk and jazz musicians, she made the amazing album Hildersyn in 2017, produced by Mathias Eick. Tillung and her group comes to Vossa Jazz with new band members and newly written music, commissioned by Vossa Jazz!