OBS! Til denne konserten kan du kjøpa enkeltbillett eller billett som òg inkluderer konserten til Gard Nilssen Acoustic Unity (2 i 1: Hildegunn Øiseth Quartet og Gard Nilssen Acoustic Unity).
Våren 2020 kom Hildegunn Øiseth Quartet med ei ny plate, Manana, som betyr takk på pashto. Tittelen «Mañana» peikar mot fleire viktige element i musikken til Øiseth og kvartetten. Hildegunn Øiseth er ein søkande musikar med blikket vendt mot framtida, uredd og nysgjerrig i møte med det ukjende og framande. Etter musikkutdanning og fast engasjement i gruppa Bohuslän Big Band i Sverige, flytta ho til Sør-Afrika på slutten av 90-talet, der ho var medlem av gruppa Uhambo. Sidan den tid har halde fram med å hente inspirasjon i ulike verdshjørne, med fleire turar til Midtausten og land som Malaysia og Pakistan. I kvartetten, med nokre av dei finaste musikarane i landet, har ho funne eit utspring for inspirasjonen og den musikalske skapargleda si.
I møtet mellom det tradisjonelle norske bukkehornet og dei internasjonale inspirasjonskjeldene har Øiseth og kvartetten hennar skapt musikk som hevar seg høgt over landegrenser og kulturelle skilnader. Det musikalske uttrykket er prega av eventyrlyst, musikalsk innsikt og drøymande improvisasjon.
Hildegunn Øiseth – trompet, bukkehorn
Per Oddvar Johansen – trommer
Espen Berg – piano
Magne Thormodsæter – bass