Våren 2020 slepp Hildegunn Øiseth Quartet ei ny plate som ber namnet Manana, som betyr takk på pashto. I samband med den nye plata dreg dei ut på turné, og heldigvis legg dei òg turen innom Vossa Jazz.
Tittelen «Mañana» peiker mot fleire viktige element i musikken til Øiseth og kvartetten. Hildegunn Øiseth er ein søkande musikar med blikket vendt mot framtida, uredd og nysgjerrig i møte med det ukjende og framande. Etter musikkutdanning og fast engasjement i gruppa Bohuslän Big Band i Sverige, flytta ho til Sør-Afrika på slutten av 90-talet, der ho var medlem av gruppa Uhambo. Sidan den tid har halde fram med å hente inspirasjon i ulike verdshjørne, med fleire turar til Midtausten og land som Malaysia og Pakistan. I kvartetten, med nokre av dei finaste musikarane i landet, har ho funne eit utspring for inspirasjonen og den musikalske skapargleda si.
I møtet mellom det tradisjonelle norske bukkehornet og dei internasjonale inspirasjonskjeldene har Øiseth og kvartetten hennar skapt musikk som hevar seg høgt over landegrenser og kulturelle skilnader. Det musikalske uttrykket er prega av eventyrlyst, musikalsk innsikt og drøymande improvisasjon.
Hildegunn Øiseth – trompet, bukkehorn
Per Oddvar Johansen – trommer
Espen Berg – piano
Magne Thormodsæter – bass
Konserten inngår i billetten Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.
This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.
Strictly Necessary Cookies
Strictly Necessary Cookie should be enabled at all times so that we can save your preferences for cookie settings.
If you disable this cookie, we will not be able to save your preferences. This means that every time you visit this website you will need to enable or disable cookies again.