Lastar Hendingar
Foto:Signe Fuglesteg Luksengard

Henriette Eilertsen Trio

fredag 27. mars

Kl 20:30

Henriette Eilertsen har dei siste åra markert seg som ei innovativ stemme på den norske jazzscena. Med ei leiken tilnærming til jazzfløyta rører ho seg smidig mellom kontemporær jazz, improvisasjon og kammermusikalske uttrykk. I 2024 fekk ho den prestisjetunge musikarprisen på Kongsberg Jazzfestival for å vere eit friskt tilskot til den norske jazzscena.

I Henriette Eilertsen Trio har ho med seg cellisten Joel Ring og trommeslagar Øystein Aarnes Vik. Musikken er ekspressiv og suggererande, inspirert av jazz, folkemusikk og eksperimentelle klangar. Med djupt forankra samspel skapar dei musikk som rører, overraskar og inspirerer.

Henriette Eilertsen – tverrfløyte
Joel Ring – cello
Øystein Aarnes Vik – trommer

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Denne konserten får du med deg dersom du har enkeltbillett til konserten, festivalpass eller dagspass fredag. Om du har pass, vurder å sikre deg med plassbillett (25 kr).

Privacy Overview

This website uses cookies so that we can provide you with the best user experience possible. Cookie information is stored in your browser and performs functions such as recognising you when you return to our website and helping our team to understand which sections of the website you find most interesting and useful.