Lastar Hendingar
Foto Julia Marie Naglestad
Foto Julia Marie Naglestad

Hedvig Mollestad Trio

OBS! Til denne konserten kan du kjøpa enkeltbillett eller billett som òg inkluderer konserten til Valkyrien Allstars (2 i 1: Hedvig Mollestad Trio og Valkyrien Allstars).

 

For kvart nye Hedvig Mollestad Trio-album, prøver kritikarane å finne opp eit passande sjangernamn for den trollbindande, kompromisslause og «rett-i-mellomgølvet-musikken» trioen spelar. Jazz eller rock? Stonerswing? Eller kanskje doomjazz? Magasinet Classic Rock kom nærast: Jazz Sabbath!

I mars 2021, ti år etter debutalbumet Shoot! kom ut, sleppte trioen sitt sjuande album, med tittelen Ding dong. Your Dead – og fekk strålande omtalar!

Vossa Jazz-gjengarar hugsar sjølvsagt det strålande Tingingsverket til Mollestad – Ekhidna frå 2019, som vann Spellemann og kom ut på plate på Rune Grammofon i 2020. Mollestad har gjesta festivalen fleire gongar i andre høve, blant anna med trioen og som del av bandet til Jarle Bernhoft i 2016. No gler me oss stort til å høyre ho og bandet igjen!

Energiladet instrumentalrock med jazz i hjørnene, de er virkelig et band, og det lar seg høre. Den gleden de viser, smitter, og tilropene fra publikum er utvetydige! – Arild Andersen, Aftenposten

 

Hedvig Mollestad – gitar, vokal
Ellen Brekken – bass
Ivar Loe Bjørnstad – trommer