Lastar Hendingar
Hedvig Mollestad Trio

Hedvig Mollestad Trio

  • Dette arrangementet er ferdig.
laurdag 19. mars

Kl 22:30

Jazz eller metall? Stonerswing kanskje? Eller doomjazz? For kvar plate kjem anmeldarar med nye sjangerord for å fange essensen av den dristige, kompromisslause og steintøffe musikken til Hedvig Mollestad Trio. Dei som traff best var nok musikkbladet Classic Rock. Dei brukte overskrifta Jazz Sabbath på eit intervju med Hedvig Mollestad i samband med tredjeplata Enfant Terrible frå 2014. Trioen blandar nemleg inspirasjon frå 70-tals rock som Black Sabbath og Jimi Hendrix med modaljazzen til John Coltrane og Miles Davis, samt ein dæsj britisk blues og nyare jazzmetall à la norske Elephant9.

Denne eklektiske miksen har vist seg å vera oppskriften på suksess: Bandet får stadig fleire fans frå heile verda. Til saman vert Hedig Mollestad sine lynskarpe riff, Ellen Brekken sine drivande og dansande basslinjer eller dei hyperaktive blekksprutarmane til trommis Ivar Loe Bjørnstad eit sonisk stormangrep ein ikkje greier å riva seg laus frå.

Hedvig Mollestad Thomassen – gitar
Trond Frønes – bass
Ivar Loe Bjørnstad – trommer
Morten Lunde – lyd

www.facebook.com/HedvigMollestadTrio/

Billettar = Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa enkeltbillett til berre denne konserten.

English
Jazz or metal? Stonerswing? Or doomjazz maybe? For every new record by Hedvig Mollestad Trio critics try to invent an adequate genre name for their spellbinding, uncompromising and visceral music. The music magazine Classic Rock came closest to coining the trio with a phrase. They used the headline Jazz Sabbath for an interview with Hedvig Mollestad. The band’s eclectic mix of influences ranges from Black Sabbath and Jimi Hendrix to John Coltrane and contemporary jazz and metal music. This has proved to be a recipe for success: Hedvig Mollestad Trio has a steady growing international fan base.