Lastar Hendingar
Hannah Storm, foto Roj Ferman

Hannah Storm

  • Dette arrangementet er ferdig.
laurdag 1. april

Kl 22:45

Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.


 

23 år gamle Hannah Storm vaks opp i ein musikalsk heim, og byrja å skriva eigne songar allereie som sjuåring. Etter mange år med synging, speling og utdanning (jazzlinja på Tonheim og LIMPI på Lillehammer) sende Storm ut demoar til ymse aktørar i musikkbransjen.

Bergensbaserte MADE Management (AURORA, Sigrid, Lars Vaular m. fl.) viste interesse, og ho vart raskt ein del av byens blomstrande musikkmiljø. Platekontrakt, og samarbeid med etablerte artistar som Sondre Lerche og produsentar som Vetle Junker (AURORA, iris, Metteson), Matias Tellez (Girl in Red, Young Dreams) og Odd Martin Skålnes (Sigrid, AURORA) såg fortløpande dagens lys, og under By:Larm hausten 2021 vart Hannah Storm ein av dei mest omtalte og hylla artistane. Gåsehudframkallande konsertar på festivalar som Øya, Slottsfjell og Vill Vill Vest følgde!

Med tidlaus og ektefølt poppa indierock av beste merke ligg vegen til stjernehimmelen vid open for Hannah Storm – og heldigvis går turen innom Vossa Jazz i vår!

 

Medverkande:
Hannah Storm – vokal
Emil Jensen Malum – trommer
Jonas Særsten – tangentar
Leon Torskangerpoll – bass
Mathias Marstrander – gitar

English:
23-year-old Hannah Storm grew up in a musical home and began writing her own songs at the age of seven. After years of singing, playing, and education (the jazz program at Tonheim and LIMPI in Lillehammer), Storm sent out demos to various music industry players.

MADE Management, based in Bergen (home to artists such as AURORA, Sigrid, and Lars Vaular), showed interest and Storm quickly became a part of the city’s thriving music scene. She signed a record deal and collaborated with established artists like Sondre Lerche and producers such as Vetle Junker (AURORA, iris, Metteson), Matias Tellez (Girl in Red, Young Dreams), and Odd Martin Skålnes (Sigrid, AURORA).

In the fall of 2021, Storm was one of the most talked about and praised artists at By:Larm. Goosebump-inducing concerts at festivals like Øya, Slottsfjell, and Vill Vill Vest followed. With timeless and heartfelt indie pop rock of the highest caliber, the path to stardom is wide open for Hannah Storm – and fortunately, she will be stopping by Vossa Jazz this spring!


Konserten inngår i billetten Huskort laurdag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.