Å balansera hugnad til tradisjonar med nyskaping er ei krevjande oppgåve. Når ei gruppe unge musikarar så til dei gradar meistrer kunststykket frå fyrste stund må ein berre lata seg imponera. Hanna Paulsberg Concept er ein kvartett med føtene godt planta i den rike, afroamerikanske jazztradisjonen – tenk tidleg sekstitals John Coltrane eller Wayne Shorter for eksempel. Samtidig makter dei heile tida å halde musikken fersk, vital, sart og leiken. Dette er eit teikn på at me her har å gjera med særs dyktige musikarar: Både teknisk, komposisjonsmessig og når det gjeld musikkforståing.
Sidan gruppa vart kåra til Young Nordic Jazz Comets 2011 og vann Trondheim Jazzfestival sin talentpris same år har det berre gått oppover: Meldingane vert stadig meir panegyriske og konsertjobbane meir prestisjetunge. I februar 2016 kjem det tredje albumet deira, og i mars er det releasekonsert på Vossa Jazz!
Hanna Paulsberg – saksofon
Erlend Slettevoll – piano
Trygve Waldemar Fiske – bass
Hans Hulbækmo – trommer
Billettar = Huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa enkeltbillett til berre denne konserten.
English
Balancing tradition with innovation is a difficult task. It is truly amazing when a group of young musicians nails it with such confidence the way Hanna Paulsberg Concept does. The group has a strong bond with the afroamerican jazz tradition (for example early 60s John Coltrane or Wayne Shorter), at the same time they never fail to keep their music fresh, vital, emotionally vibrant and playful. In february they release their third album, and in march they do their releaseconcert at Vossa Jazz!
https://youtu.be/sOe_YxKwdFA