Håkon Brunborg er ein multiinstrumentalist, komponist og produsent frå Oslo, kjend for sitt sjangeroverskridande lydunivers og si særeigne evne til å skapa stemningsfull musikk. I kjernen ligg ei drivkraft for å laga komposisjonar som kjennest både nære og vidstrekte, personlege og opne.
Håkon har i ei årrekkje vore ein ettertrakta samarbeidspartnar for artistar som Fay Wildhagen, Konradsen, M2M, Metteson og Tuvaband, og han har over tid bygd seg opp som ei eigenarta stemme innan den skandinaviske artpop- og alternativscena.
På sitt andre soloalbum, «Vinterpalasset», trør Brunborg inn i eit meir filmatisk og ekspansivt lydlandskap. Musikken opnar seg no med større rørsler, tydelegare kontrastar og storslegne, euforiske parti.
Audun Vinger i Dagens Næringsliv kalla Vinterpalasset for draumande, avansert eventyrpop. «Håkon Brunborg er fra en god musikerfamilie, men går egne veier.»
Håkon Brunborg – El gitar, pedal steel, sampler
Jenny Berger Myhre – Synth, elektronikk, klarinett
Anna Ueland – Synth
Therese Aune – Synth, vokal
Kim Åge Furuhaug – Trommesett
Rino Sivathas – Perkusjon
Foto: Siobhan Beasley
Denne konserten får du med deg dersom du har festivalpass eller dagspass fredag.

